Rundt 50 tok del i Fitjarfelten som vart avvikla i Øvrebygda i helga. Best av alle var bømlingen Vidar Vorland, men Fitjar skyttarlag fekk fleire klassevinnarar i meisterskapen.

Det beste  fitjarresultatet kom i juniorklassen der Atle Kvamsdal gjekk til topps, med Svein Erik Vik på 2.plass. Elles fekk me klassevinnarar i klasse 2 ved Lars Olav Tveita og i klasse 1 ved Gisle Vik. Me vil òg nemna at Nils K. Rydland vart nummer to i V65 og at Ingrid Tveita var best mellom aspirantane.

Best av fitjarskyttarane i den totale meisterskapen vart Jakob Vik med 8.plass, Lars Olav Tveita på 10.plass og Randi Beate Rydland, som nest beste dame, på 19.plass.

I hurtigskytinga (Felthurtig) var Jakob Vik suverent best, med Gisle Vik på 3. plass og Lars Olav Tveita på 5. plass. Desse vann òg klassane sine. I tillegg vart Johannes Tufteland klassevinnar i V55.