Det store deltakartalet under fiskefestivalen i år førte til mykje fisk og mange folk på kaien. Ikkje uventa fekk Kristian Lunde mest, mens Tor Bjarte Strand fekk den største fisken.

Ergerleg uheldig var nok Geir Fitjar som på stongfiske fekk vasa snøret sitt heilt umogeleg til når makrellen beit på det beste. Men han tok det med godt humør. Det gjorde òg Vidar Larsen, som tradisjonen tru stod for innveginga, og som ikkje heilt klarte å halda fliren tilbake når han såg resultatet.

Fiskarane let elles vel over spesielt fine premiar i år, og mange nytta høvet til å henta ein god fiskemiddag med seg heim.

Av fisken som vart fiske opp i år såg me mest lyr og makrell, men ein og annan torsk hadde òg forlate djupet på ufrivillig vis.

Med rundt 1000 menneske på kaien, vart ramma rundt det heile strålande.

Resultat

1. Geir Bjarte Hatlevik 10,05 kg

2. Ingmund Bjordal 8,40 kg

3. Åsmund Skumsnes 8,15 kg

4. Per Svein Bukkholm 5,35 kg

5. Trond Fitjar 5,25 kg

Stong jr

1. Tobias Hugset 7,40 kg

2.Oscar Jakobsen 3,65 kg

3. Tor O. Havn Soma 3,15 kg

4. Jakob Mehammer 2,75 kg

5. Adrian Mehammer 2,65 kg

Båt

1. Kristian Lunde 49,95 kg

2. Terje Tislevoll 16,05 kg

3. Nina Irene Strand 15,15 kg

4.Lilljan Waage 12,25 kg

5. Torleif Solli 11,20 kg

Båt jr.

1. Sander Vikingstad 5,45 kg

2. Ruben Træet 5,40 kg

3. Sverre Brekke 4,20 kg

4. Oliver Gjerde 3,85 kg

5. Grethe Karin Karlsen 3,55 kg

Størst fisk, stong

1. Hanne Skår 2,05 kg

Størst fisk, båt

1. Tor Bjarte Strand 4,45 kg