– Søndag arrangerte senterpartilaga i Fitjar og Stord «Friluftlivets år» ved Stemmetjødno. Fullt av folk møtte opp for å padle på vatnet, gå natursti og slappe av ved bålpannene, skriv Gro Rydland til fitjarposten.no. Foto: Gro Rydland

Rydland fortel vidare at mange var alt på tur innover i marka tidleg på dagen, mellom anna til Prestavarden. Til saman vart det registrert nærare 60 personar i alle aldrar, og parkeringsplassen var full. 

Vi får vidare vite at kanoane frå Friluftsrådet Vest var veldig populære, særleg mellom dei minste, men også mellom dei vaksne. «Dette var utruleg kjekt og mykje lettare enn eg trudde», sa Esther Aasen, som ikkje hadde prøvd før. «Kanopadling er ein aktivitet som kan få ein ut, sjølv med ganske små barn», sa ei mor som var veteran på området.

Foto: Gro Rydland.

– Me i Senterpartiet vil absolutt anbefale folk å låne kanoane som er stasjonerte hos Randi Dalen. Tjørna var blikkstill i det fine veret, og på slutten var det nokre tøffe jenter som bada, og sumde! skriv Gro.

Foto: Gro Rydland

– Nitten lag prøvde seg på natursti, der det var rift om premiane. Å kunne namn på dyr, fuglar og insekt er viktig kunnskap. I tillegg var det spørsmål om fakta knytt til Stordøya. Ungane følgde utruleg godt med på gjennomgang av svara. Nils K Rydland var best, tett følgd av familien Matre og Sverre Røen Lønning. Nils K Rydland vart også trekt ut mellom alle registrerte, som den heldige vinnaren av eit fenalår. 

Lars Rydland. Foto: Gro Rydland

Lars Rydland køyrde kanoane på plass og hadde omvising på Rydlandssaga. Svært mange var med og såg på demninga, bygningane og korleis saga vart driven med vatn. Saga er frå 1916, og ein stor del av bygningane på Rydland er sette opp med material som er skore på Rydlandssaga. Frå 1986 har ein for det meste nytta Tveitasaga, som nokre av bøndene på Rydland er medeigarar i, seier Gro Rydland.

– At ein var så heldig med veret var nok medverkande til eit vellykka samling. Takk til alle som kom og alle som hjelpte til! heiter det til slutt.