Veret var perfekt for ein dag til fjells, og med turorienteringskart i handa vart turen ekstra spennande.

Orienteringsgruppa i Fitjar idrettslag har i år lagt ut 42 postar i "Rossneset", "Fitjar Aust" , "Svartavatnet" og "Sæterbø". Postane ligg ute frå påske til ca. 1. september. Konvolutt med informasjonshefte, kart med innteikna postar og kontrollkort kan ein få kjøpt hos Odd Larsen AS. Turorientering er for folk i alle aldrar, og alle postane skal vera lagt slik at det skal vera greit å nå dei saman med born. Når sesongen er ferdig kan ein kjøpa TurO-merke, og alle som leverer inn kontrollkortet får diplom som bevis på at dei har delteke.

Dette er ein kjekk måte å gå tur på og ein kjekk måte å bli kjent med nytt turterreng på. Vårt mål for dagen var å ta turen frå riksvegen og opp til Vekslinuten og prøva å finna alle dei 10 postane som ligg på denne ruta. Marka var tørr, graset var vått og det var lett å gå. Postane låg kun små avstikkarar frå skogsvegen/stien og var slik lette å finna og for dei minste. På toppen av Veklsinuten, som ragar 288 moh møttes ikkje mindre enn 13 fitjarfolk som var på postsanking. Me hadde ulike utganspunkt både i orientering og turgåing, ulike mål for sesongen, og ulik mengde utfylte postar i kontrollkortet, men me hadde alle same gleda over å vera på tur. Den flotte utsikten over Bømlo, Fitjarøyane, Øvrebygda og heile Storavatnet var ein fin bakgrunn for rastepausen på toppen.

Så var det berre å springa nedover same vegen me kom opp, skunda oss heim for å registrera postane på nettet og plukka kle og kroppen fri for flått….

Ynskjer du meir informasjon om turorientering kan du ta kontakt med Annar Westerheim eller gå inn på www.turorientering.no/fitjar