Rune Aarbø fortel om god harejakt i det nydelege vintervêret i dag.

Han fortel til Fitjarposten at eit samla jaktlag på seks mann køyrde til Fjellheim på Årbø for å dra ut i terrenget på jakt. Her skilte dei lag, og to mann tok bikkja med seg langs elva eit stykke oppover, medan dei andre drog nordover mot Orrhaugane.

Bikkja til Håvard Helland hadde ein særs god dag, og tok ut den eine haren etter den andre i skogen ovanfor bøen på Årbø. Heile tre harar fekk jaktlaget til Rune Aarbø og Håvard Helland gleda av å fella i området rundt Bjødnahiet. For ikkje heilt lokalkjende folk kan me opplysa at det ligg ved stien mellom Fjellheim og Slettebrekko.

Dei lukkelgaste jegerane i dag var dei minst røynde, noko Rune synest er ekstra hyggeleg. Det blei kvar sin hare på Jarle Bukkøy, Arild Vik og Helge Vik. Dermed vil me tru at provianten til jakthelga i Melen neste haust er sikra …


Kjekt å brenna bål i dag, seier Håvard Helland og Rune Aarbø.


Arild Vik og Jarle Bukkøy fekk gleda av å skyta kvar sin hare.


Helge Vik, fornøgd harejeger i godvêret.