I dagens NM-runde i crosscart på Dokka banka Ingve André Strand heile Noregs-eliten.

Ikkje nok med det, også fleire svenskar stod på startstreken i NM-runden på Vinjarmoen Motorbane på Dokka i dag. Blant desse den kjente føraren Lukas Walfridsson. Men denne gongen måtte han gi tapt for Ingve, sjølv om han har støtte frå svigerfamilien til Petter Solberg. Det er såleis ein svært fornøgd Martin Strand me har på telefonen frå Dokka i ettermiddag.

Før dagens løp låg Ingve André på ein 4.-plass i klassen 650 ccm, etter flott innsats i Sverige sist helg. Med seg til Dokka har han sonen Anders Halleråker Strand, som låg på 9. plass i juniorklassen 125 ccm før dagens NM-runde. Informasjon om crosscart og poengstillinga finn på på sidene til Norges Bilsport Forbund:

I dei innleiande rundane på Vinjarmoen Motorbane på Dokka klarte Anders 4. plass i alle tre heata sine. Også i B-finalen blei det ein 4.-plass på Anders, noko som tilsvarer 10.-plass totalt i dagens NM-runde. Så framleis faren er nok fleire strå kvassare. Han opna med siger i første heatet sitt, og etter 2. plass i neste heat, fekk han beste startspor i tredje innleiande runde. Her måtte han kjempa om sigeren, men etter å ha valt alternativt spor, kom han til slutt først i mål. Og i finalen gjekk han altså heilt til topps, i knivskarp konkurranse med fleire skarpskodde svenskar, i tillegg til heile Noregs-eliten!

Martin Strand fortel på telefonen frå Dokka om ein dramatisk finale i den største klassen. Men no er det stor jubel i den norske leiren. Fitjarposten sluttar seg til gratulantane.

Resultat og annan info kan me lesa på heimesida til arrangørklubben NMK Fluberg: