Alle som ville vere med og hylle jubilanten vart møtt med flagg og ballongar.

Nærare 130 små og store var med og song Hurra for deg som fyller ditt år då Småbarntreff og babysong feira 10 års jubileum på Fitjar bedehus. Helga Rimmereid ønskte alle velkomne og var programleiar.

Borna var sjølvsagt i fleirtal, og den minste på 2-3 månader, er ein god representant for babysonggruppa i dag. Også mange av dei som var med som babyar for 10 år sidan var tilstades. Desse deltok i programmet. Me kan bl. a. nemne Eva Marie Vevle Tufte som spela opningsmelodien på horn: Den første song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga. Ingvild Prestbø spela tverrfløyte medan Guro Rimmereid spela piano. Ørjan Larsen akkompagnerte på gitar når tre yngre forsongarar deltok. Dei større borna var også villige medhjelparar under loddsalet.

Mykje song og musikk høyrer med i ei så flott bursdagsfeiring. Alle borna, til og med babyane, deltok i songar med og utan bevegelsar. Dei aller minste vart kanskje vogga i eit teppe medan andre berre stod der framme, og mange song av full hals, t.d. Hode, skulder, kne og tå eller Eg blir så glad når eg ser deg.

Elisabeth Moldestad heldt andakt og fortalde om den første store barnefesten for snart 2000 år sidan, då mammaene kom til Jesus med borna sine. Dei skjøna at Jesus var glad i dei. Og jammen er Jesus glad i oss i dag og, avslutta Elisabeth.

Mange ville vere med å opne gåvene til bursdagsbarnet. Dokkevogner og bilar vil nok skape glede for dei som går på småbarnstreff framover. Gåva frå bedehusstyret låg i ein konvolutt, og me kan vel gjette kva den inneheld.

Kari Anita Larsen, Astrid Prestbø og Helga Rimmereid tok initiativ til babysong og småbarnstreff for 10 år sidan, då nokre av deira born var små. Desse tre damene er drivkrefter i dag og. Flotte bilete som rulla på storskjerm i pausa viser ein fantastisk innsats og utruleg mange fine samlingar, både inne og ute i Guds frie natur. Borna lika å sjå bilete av seg sjølve, eller som ei av dei sa. Sjå der er mamma. Både mødre og fedre er ein viktig del av aktivitetane. Det same gjeld dei frivillige medhjelparane som fekk ein stor takk av Helga Rimmereid.

Stor honnør til Kari Anita, Astrid og Helga som ser ut til å ha like stor iver for å samle dei små i dag og!