Dei 15 førskuleungane i Bakken barnehagen fekk ein flott båttur onsdag 28. mai.
Me fekk vera med i båten til Knut Berge Aarbø. Turen gjekk rundt Fonna og inn til Smedholmen der me gjekk i land. Ungane koste seg i strandkanten, pølser blei grilla, og timane gjekk så altfor fort. Takk for turen, Knut Berge, helsar små og store i Bakken barnehage.