Fitjargutane Poker Stars gjekk til topps i eliteklassen i årets Wärtsilä Cup i suveren stil, medan Stord-laga Unitech og Smelt FK vann høvesvis dameklassen og open klasse. Semifinalane i open klasse var relativt opne og tøffe oppgjer. Fitjar-gutane Blue Oyster Boys slo nære slektningar, naboar og vener i Håkelklubben med knappast mogeleg margin, 1-0. I finalen møtte dei stordabuane Smelt FK, som nedkjempa godt trente ovbygdarar i Jokers med heile 3-0. Smelt FK, med mykje god slekt i Sagvåg, tok straks kommandoen mot Blue Oyster Boys i finalen. Tidlege scoringar av Jøran Vørøs (1) og Alfred Gregersen (2) avgjorde kampen. Rett nok reduserte østersgutane til 1-3 ved Victor Aga og 2-3 Åsmund Sørfonn. Men ein god Alfred Gregersen la kort etter på til 4-2, og dermed hjelpte det lite at Gjert Ståle Olsen reduserte til 3-4 på slutten av kampen. Ein velfortent finalesiger til Smelt FK, der tremålsscorar Alfred Gregersen utmerkte seg.

I dameklassen hadde me sett for oss at dei velkjende Komlene skulle bringa heider og ære til Fitjar-bygda. Men i semifinalen blei dei eit nummer for små mot Hans Emil Johansen sine utvalde damer i Unitech. Før me visste ordet av det, hadde dei spelt ut Komle-keeper Margaret Hillestad to gonger, og dermed var semifinalen meir eller mindre avgjort. Dei spreke Unitech-damene gav eg ikkje før det stod 4-0. Det nærmaste me kom Fitjar-representasjon i finalen, var Randi Thorland og Marita Nysæther, som spelte på eit sterkt FC Huglo. Her la me spesielt merke til Victoria Hennis, som var hovudårsaka til at «huglarane» kom seg til finalen ved å slå Mor Di 4-2 i semifinalen. Men ei svale gjer som som kjent ingen sommar, sjølv om Victoria Hennis var den beste damespelaren me såg i Fitjar denne helga. I finalen var Unitech det klart jamnaste laget. Godt keeperspel av Lene Stavland og scoringar av Rita Hasen (1) og Iselin Persen (2) gav ein velfortent finalesiger 3-0.

I eliteklassen fekk me sjå ei strålande oppvising i godt organisert innefotball, med stort tempo og effektivt angrepsspel. Vinnarlaget Poker Stars bestod av berre fitjarbuar, som alle har spela A-lagsfotball på Fitjar. Jan Åge Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, André «Mini» Helland, Thomas Vestbøstad Waage og Henrik Raunholm Kjelling, som i år spelar på Haugar.

Dei fekk ein litt svak start på turneringa, då dei tapte 0-1 for bømlingane Best uten fart laurdag morgon. Men derfrå og inn viste pokerstjernene seg heilt ustoppelege. Dei imponerte kanskje aller mest i semifinalen, der dei sopte Stord-laget Nøttene av banen med 9-3. Det hjelpte ikkje stordabuane at dei hadde landslagsspelar Torodd Fitjar Eriksen og andre Fitjar-ætlingar på laget. Poker Stars kunne lett ha vunne meir, om dei ikkje hadde gått over til Hawaii-fotball utover i kampen.

I finalen møtte dei igjen Best uten fart, som sopte Krumkakene frå Stord og Fitjar av banen i semifinalen med heile 6-1. Første del av elitefinalen blei nok det sportslege høgdepunktet i årets Wärtsilä Cup. Henrik Raunholm Kjelling brukte ikkje mange sekund på å scora 1-0 på eit hardt og velplassert skot frå langt hald. Og så fekk me sjå tre flotte scoringar av Thomas Vestbøstad Waage, spesielt flotte på grunn av måten han blei spelt fri av medspelarane sine. I denne perioden var det berre eitt lag på banen. På stillinga 4-0 blei det vel mykje Hawaii-fotball, og gjestene frå Bømlo reduserte to gonger, ved Aleksander Vaage Nilsen og Jørgen Kallevåg. Men det var aldri tvil om kva veg det ville gå, til det var repertoaret til pokerstjernene altfor stort. Me fekk sjå skot i stenger og tverrliggjar frå alle tenkelege hald, i ein demonstrasjon av ein fotballkamp av det unge laget Poker Stars.