Jentene jublar saman med trenarane over siger i aslutningskampen.

Jentelaget sørgde for ei flott avslutning på sesongen så dei vann heile 6-2 på heimebane over Fana 1 laurdag ettermiddag.

På den flottaste haustdagen på fleire år fekk eit talrikt publikum sjå ei feiande flott avslutning på ein litt stusseleg sesong. Med eit A-lag rundt nedrykkstreken heile sesongen har jentelaget vore eit stort lyspunkt for eldsjelene i fotballgruppa.

Jentene vann som kjent puljen sin i vårsesongen, og rykte opp i 1. divisjon. Her har dei hevda seg godt og enda midt på tabellen blant dei beste i sin klasse. Avslutninga stod absolutt i stil med resten av sesongen.

Om lag hundre publikummarar kunne gle seg over ein ny, strålande kamp. Med fem scoringar av kretslagsspelar Linnea Vestbøstad og ei av Rebekka Tverborgvik vann dei så klart som 6-2 over gjestene frå Bergen. Stillinga ved pause var 4-1. Med 5-1 i byrjinga av andre omgang var kampen punktert.

Me gratulerer trenarane Karsten Vestbøstad og Martin Nysæther, og dei flinke jentene med ein imponerande sterk sesong!

Fitjar er laget!

Fitjar sitt lag mot Fana 1: Mathilde Øien Kloster, Sofie Rimmereid, Anna Sandvik Bø, Rebekka Tverborgvik, Tori Vestbøstad, Marion Træet (kaptein), Mia Volden, Siren Vik, Linnea Vestbøstad, Mari Hatlevik, Julie Midtsæter, Tuva Nysæther, Emilie Skram Isdahl, Live Bukkholm Stegane

Med begge flagga til topps sørgde jentene for ei flott avslutning på sesongen.
- Annonse -