Elevar og lærarar ved Øvrebygda skule har atter ein gong gjort ein stor innsats for å samle inn pengar til TV-aksjonen.

Folk i alle aldrar kosa seg med kaffi, saft og kaker i gymsalen sist onsdag. Kvelden vart innleia med frisk song der alle på skulen var med. Elles var det lynlotteri, åresal og tippekonrranse. Miniatyrskyting og spøkelseshus stod og på programmet. I hallen kunne ein kjøpe formingsarbeid som elevane hadde laga.

Elevane var flinke til å passe jobben sin ved sal av mat og lodd og som medhjelparar ved trekking. Rektor Sigbjørn Aarland fortel at det vart samla inn over 16 000 kr. Flott gjort !  comprar esteroides online