Marit og Irene har vore songevangelistar i 40 år. I går markerte dei dette med festkonsert i eit bortimot fullsett Fitjar bedehus, som ein del av jubileumsturneen deira. Ein turné som vert avslutta på Bildøy bibelskule i kveld.

Det heile vart til ein flott og velsigna kveld der dei evangeliske tekstane som Marit og Irene syng, fekk fritt spelerom og gjekk frå hjarte til hjarte. Med seg i kompet hadde Marit og Irene songaren og pianisten Sveinung Andersen på piano. Velsigna fint.

Andersen synte og at han har ei svært velklingande stemme då ha framførte eit knippe av eigne songar.

Praise Him bidrog med utruleg vakker song og nydelege tekstar på engelsk, men med norsk tekst på skjerm, til hjelp for dei som ikkje kan engelsk.

Me vart og imponert over Sunnhordlandsmusikken, med Trygve Eiken som dirigent, og med eit orkester som bestod av minst fire trekkspel, mandolin, gitarar og piano. – Kan hende er dette det største musikklaget i Norge? undra møteleiar Johan Halsne, som leia det heile på ein frisk og lett måte.

Halsne intervjua òg vår lokale songdiktar Lars K. Vik om songane hans, som på folkemunne er kalla «Skåtasalmar». Songane til Lars K. Vik er kjende langt utover Fitjar sine grenser.

Det er ikkje utan grunn at Marit og Irene er songevangelistar, og på slutten av møtet inviterte Irene til forbøn. Nokon nytta seg av tilbodet og vart velsigna av det.

Ingressbilete: Lars K. Vik deler ut blomar til Marit og Irene. Foto: Trygve Eiken

Sunnhordlandsmusikken. Foto: Trygve Eiken

Praise Him

Praise Him. Foto: Marit Stokken