Medlemmene fekk mange godord på haustfesten

Nesten hundre personar var til stades i går ettermiddag. Forutan medlemmene sjølve med foreldre og sysken var det mange besteforeldre og andre interesserte til stades. Langs veggene i gymsalen hadde kvart 4H medlem (24 born) laga utstilling som viste kva oppgåve dei har arbeidd med det siste året. Borna fekk velfortent skryt for det dei hadde gjort, og det var eit variert utval av oppgåver. Me kan nemne nokre grupper: Dyrestell, friluftsliv, baking, handarbeid av ulikt slag og styrearbeid. 4H´arane får dyrke den interessa den einslide har.

Eit særtrekk med 4H er blant anna medlemmene si deltaking i alle samanhengar. Det er borna sjølve som skal drive klubben, men med vaksne personar som rådgjevarar. Årsmeldinga viser ei allsidig drift og engasjerte medlemmer. Ordførar Wenche Tislevoll og andre spesielt inviterte framheva klubben sin innsats og overrekte gåver.

Ingrid Hovstad var ein flink programleiar. Ho har vore medlem i ni år og har fullført alle stega i 4H sitt program. I går fekk ho plakett-nål . Ved eit seinare høve blir ho invitert til plakett-fest saman med ungdom frå heile fylket. Medlemmene er heidersgjester på ein 4H fest, men likevel med på sketsjar, song og dans forutan servering og anna praktisk arbeid. Dei fekk utdelt diplom, ei sølvskei og 4H merke i tråd med alder og antal år dei har delteke i klubben. Det er heile ni grader og utmerkingar i systemet.                                

 – Øvrebygda utan 4H ville bli ei fattig bygd. Det sa fylkeslaget sin representant, Tor Inge Bøthner, då han tala til klubbmedlemmene før han delte ut 4H merka. Det lovar bra for framtida til Øvrebygda 4H når 13 av medlemmene er aspirantar.

Ein av familiane som har medlemmer i Øvrebygda 4H heiter Maraas. Oldemor Marta fortel at ho var på haustfest med yngste sonen då han hadde utstilling eit av dei første åra i klubben si soge. (klubben vart starta for 34 år sidan). Seinare begynte barnebarn, og no er det fleire av oldeborna hennar som er aktive. Marta gledde seg stort over å kunne delta på festen i ein alder av snart 90 år.

 

.