Fjerde NM-runde i Crosskart blei køyrd på Tynset i helga. Ingve Andre Strand og Håvard Helland stillte til start i største klassen – 650 ccm, og dei gjorde det bra.

-Ingve Andre Strand køyrde solid heile helga, og sikra seg eit 3. startspor i A- finalen. Etter hard kniving, og mye action heile finalen igjennom, kjempa Ingve Andre seg til ein kjempefin anneplass!, fortel Arild Vik til Fitjarposten.no

Ingve Andrè ligg på andreplass i NM så langt, Berre Andreas Wiik fra NMK Gardemoen,ligg foran, med to fattige poeng.
Håvard Helland kom seg også velberga og fint gjennom sitt første løp i denne "gromme" klassen, og hamna på 11. plass etter køyringa i helga.

-Dette var ei grein som verkeleg gav meirsmak, seier Håvard som saman med Ingve Andre vil  reise til Vikedal allereie førstkomande helg for å trena. -Då vil han seinare kunne bite enda sterkare i frå seg, også i crosskart.

Neste NM – runde går i Hønefoss 18. august. Da ventar vi i spenning for å sjå om Håvard stiller til start der,  eller om han fortset Vestlandsmesterskapet i rallycross, som går i Vikedal same dag.

Ein ting er sikkert: Ingve Andre skal til Hønefoss.

Han vil gjerne ha tilbake leiinga i NM, og aller helst ha flest poeng når alle rundene er lagt saman!, skriv Arild Vik, til slutt.