Heile 120 elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande skule møtte opp på årets rusfrie 16. mai-arrangement. Foto: Bente Bjelland

 Det var Ungdomsrådet, Fitjar Frivilligsentral, Fitjar kommune og Lions Stord / Fitjar som stod bak arrangementet der det var plassert bord både i foajeen og amfisalen. 

På programmet stod kafé, diskotek og konsert med banda Algofilia, Godd Mood med Ingrid Bergesen og Pumped up kids.

Ingrid Bergesen og Good Mood. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt 24 vakter hadde lite å gjere – og både dei og kultursjef Bente Bjelland som koordinerte det heile skrytte uhemma over ungdommane si fine framferd.

-Eg er berre kjempeimponert over dei eksemplariske fitjarungdommane, seier Bjelland som takkar alle som stilte opp som vakter, og som sender ein ekstra takk til Larsen som stilte opp og køyrde varer til arrangementet og gav gåvekort frå sportsbutikken.

-Det er veldig hyggeleg å lage til noko når folk er så lette å be, smiler kultursjefen, til slutt.