Publikum fekk oppleva både flinke biletkunstnarar, musikarar, dansarar, songarar og programleiarar då Fitjar kulturskule inviterte til sommarkonsert i kultursalen denne veka.
Konserten vart leia og fint bunde saman av dei to blide dramaelevane Maria Synnøve T. Koløen og Christina Koløen. Programmet var variert og godt samansatt. Publikum fekk oppleva alt frå søte, dansande svanar, til rocande tonar, svingande rytmar, popmusikk og klassiske stykker. Som programleiarane sa; me har verkeleg mange flinke elevar i Fitjar kulturskule.
Mot slutten av konserten vart avtroppande kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen heidra med gode ord og blomar frå skulesjef John Karsten Raunholm og ståande applaus frå kulturskuleelevane, dei føresette og resten av publikum i salen.
I foajeen hadde kunstelevane laga utstilling med litt av sine produkt og dei var minst like imponerande som dei utøvande innslaga inne i salen.
Med dette tar elevar og lærarar i kulturskulen ein velfortent sommarferie, men forhåpentlegvis vil fleire av dei og i sommar gle omgjevnadane sine med dei gode ferdigheitane dei har tileigna seg.