I Øvrebygda treffer me to jenter som kjem med pengar i ein plastpose. Dei vil ha hjelp til å sende pengane til Redd Barna. Kor kjem pengane frå ? Edith Helland og Kathrine Korsvik fortel at dei har laga scrapbooking saman med to andre jenter. Produkta vart selde saman med pizzabollar og brus, og jentene sat att med 445 kr. Dei var visstnok uenige om korleis pengane skulle delast. Då fekk dei den gode ideen å støtte Redd Barna. Pengane er overført og jentene fortener eit bilete i Fitjarposten.