Fjellheim Friluftsbarnehage har fått eigen robåt i Storavatnet til stor glede for alle i barnehagen.
Maria, Markus, Mathilde, Jonas, Katharina, Amalie, Amalie P, Hanna, Tuva, Andrea B. og Linnea var med og sette garn i Storavatnet. Ivrige barn fantaserte om å få masse stor fisk!
Neste dag gjekk ein spent gjeng nedover til Storavatnet for å trekkja garna.
Hadde det kome fisk i garna tru? Og var det mange fiskar?
Var dei små eller store?
Då me trakk første garnet var me bra nøgde – 3 store flotte aurar!
Men gleda vart enda større då me byrja å trekkja det andre garnet.
Den eine fisken etter den andre kom opp med garnet – og tenk 11 fisk i eitt garn!
(10 aurar og ei røye)
Godt nøgde med dagens fangst rodde me inn til land for å greia garna, før me tok fisken med til barnehagen og laga deilig steikt aure til lunsj.