Haustfesten til Øvrebygda 4H, laurdag, synte at det gror i ungskogen med mange flinke aspirantar. Gisle F. Aarbø er ein av dei.

Gisle har mekka sykkel. Bygd om ein gamal ein til ein ny og artig ein. -Sjølve mekkinga var gøyare enn å skriva om det, seier Gisle, som har fått litt hjelp av papen når han skulle sveisa. -I alt var det 12 utstillarar i år, fortel leiar for aspirantane Marta-Linn Maraas, før festen starta med trekkspelmusikk av Finn Maraas, middag og god underhaldning i form av sketjar, dans og linedance. Det vart òg tørka støv av den gode gamle "fugledansen".

Aspirantleiar Martha-Linn Maraas og vaksenleiar Liv Siri Rydland.