Fitjar Vidaregåande Skule slo til med fleirkulturell utstilling i går.

Sidan det går elevar frå fem land på skulen i år, valde ein å spinne litt rundt dette.

Elevane frå landa utanfrå Noreg fekk med seg norske medelevar på prosjekta sine, og det heile enda opp med ein flott utstilling. Her fekk me mellom anna sjå  flotte nasjonaldrakter og smake på svært spennande mat ifrå dei respektive landa.

Landa som var representerte utanom Noreg var: Argentina, Afghanistan, Vietnam og Somalia.