Marius Torbjørnsen gjer seg klar til vinnarspranget i lengde. Foto: Privat.

Fitjar fekk fleire fine plasseringar under andre dag av Mailekene i Haugesund; Johannes Sandvik Bø vann 60 meter hekk, medan Marius Torbjørnsen var best i klassen sin i lengde.

Johannes Sandvik Bø gjekk heilt til topps på 60 meter hekk, på 10,79 sekund, etter bom på første hekken. På 200 meter blei det andreplass, med tida 28,89 i motvind. Og Marius Torbjørnsen vann lengde med solide 5,25 meter.

Marius Pedersen storma inn til 28,73 på 200 meter, i litt for sterk medvind til at det kan godkjennast som personleg rekord. Men det heldt til ein fin 2.-plass bak den klart raskaste tolvåringen i Noreg, Anthony Johnsen frå Arendal.

Den same Pedersen debuterte på 1500 meter med tida 5.02, som heldt til fjerdeplass. Bjart Sandvik Bø (12) var uheldig og «nulla» i høgde – tre riv på opningshøgda. Det er ein brutal del av friidretten.

I tiårsklassen strekte Tori Torbjørnsen seg til 3,24 i lengde med tilløp, og var med det klart best av dei tolv jentene som hoppa lengde i klassen hennar.

Marius Pedersen nummer fem frå høgre, før starten på 1500 meter. Foto: Privat.
Johannes Sandvik Bø på toppen av pallen etter 60 meter hekk. Foto: Privat.

 

 

 

- Annonse -