Foto: Ingrid Hovstad

Adresseprosjektet til Fitjar kommune fortset. No er det strekninga frå Sandvikvåg til kommunegrensa sluttar som skal få adresser.

– Fitjar kommune sette for nokre år sidan i gang eit prosjekt for å tildela vegadresser i heile kommunen. Dei aller fleste har no fått adresser, men det manglar framleis nokre.

– Særleg på strekninga frå Sandvikvåg til Eide har det framleis ikkje vorte tildelt adresser. Dei som bur i desse områda har etter kvart fått store problem når det gjeld levering av post, fortel ordførar Harald Rydland.

Han kan no opplysa at Fitjar kommune set av ressursar til å få gjort noko med dette.

 – Frå 15. januar –  1. mars vil arbeidet starta, der bustader og hytter som ligg på Strando vert prioritert. Etter det står øyane og Kråko for tur, avsluttar Rydland.

- Annonse -