Det blir fleire ruteendringar i sambandet Sandvikvåg–Halhjem på grunn av anleggsarbeidet i Sandvikvåg.

Det er ferjeselskapet Fjord 1 som melder dette på nettsida si.

Avgangane frå Halhjem kl. 02.50 går ut, og ny avgangstid blir kl. 03.55 den 27. og 28. og 29. oktober.

Avgangen frå Halhjem kl. 22.00 blir kansellert søndag 28. oktober.

Det blir sett opp ein ekstra avgang kl. 07.30 frå Halhjem måndag 29. oktober.

Sjå Trafikkmeldingar frå Fjord1 på heimesida til ferjeselskapet.

 

- Annonse -