Etter knalldebut med andreplass i bilcross laurdag gjekk Oliver André Matre heilt til topps i går, og han fekk godt følgje av dei andre Fitjar-førarane.

Det viste seg å vera skikkeleg bobleføre på banen Vikedal i helga. Når det kjem regn etter ein lang godvêrsperiode, blir støvet som har lagt seg til ei sleip drevje som er vanskeleg å køyra på.

Dette var nok ein fordel for Oliver André Matre, som hadde ei imponerande helg bak rattet i VW-bobla si. Men han var heilt klart den beste føraren i går. Det var nok som stemnespeakeren sa: – I dag kjem det ikkje an på bilane, men på førarane.

I går var det parallellrace der førarane køyrer mot kvarandre to og to, og tida avgjer plasseringa. Trass i to sekunds straff etter tjuvstart gjekk Oliver heilt til topps i går. Dermed kunne han innkassera to gullpokalar i tillegg til laurdagens sølvtøy. Etter ein første- og ein andreplass vann han naturelgvis og premien som bestemann samanlagt i klassen sin laurdag og søndag.

Bestemann samanlagt i rallycross i helga blei også ein Fitjar-førar. Håvard Helland må seiast å ha hatt ei kjempehelg i Vikedal. Også i bakkeløpet i går blei det andreplass, og dermed fekk han med seg heim gullpokal for siger samnlagt i tillegg til sølvpokalar for andreplassane.

Årets nykommar i rallycross, Paul Vik, seier seg godt nøgd med 4.-plass både laurdag og søndag. I går fungerte bilen hans heilt fint, etter at han hadde hatt problem med tenninga første dagen. Triggerfølaren ved tannhjulet til viftereima hadde fått søle på seg, slik at tenninga ikkje fungerte som ho skulle. Alt i alt let Paul til å vera godt fornøgd med helga, men om han er heilt fornøgd med å bli fråkjørt av rivalen Håvard Helland, er no ikkje heilt sikkert …

Søndagen blei òg bra for fleire av dei andre Fitjar-førarane som hadde hatt problem med bilane sine første dagen. – Ei stund laurdag ettermiddag fungerte berre ein av bilane våre i bilcrossklassen, fortel støttespelar Gaute Aarbø. Men i går fungerte tenninga på  bilen til son hans, Gisle Aarbø, slik ho skulle. Dermed kunne Gisle i går køyra inn til 6.-plass, noko han er godt fornøgd med. Også bilen til Håvard Dalen fungerte slik han skulle i går. Det same gjorde føraren, og dermed kunne Håvard køyra inn til 12.-plass og den aller første pokalen sin i bilsportsirkuset. – Han var den som hadde størst framgang av alle, om me ser helga under eitt, seier Gisle Aarbø. 

For dei to siste i rekkja blei helga ingen suksess. Arne Thorsen enda på sisteplassen etter at bilen ikkje ville fullføra. For Jonas Koløen Lønning blei det slutt allereie laurdag, etter at hen blei grundig påkøyrd frå sida. Her må nok kanalen skiftast ut, så det blir mykje godt arbeid for Jonas framover våren.

Om bilen til Jonas blir klar til løpet i Bergen om tre veker er tvilsamt. Men for dei andre ser det betre ut etter ein søndag med mykje bra køyring.