Avfallsanlegget i Svartasmoget. Foto: SIM

– Luktproblemet er omfattande og tiltakande, skriv velforening. No har fylkesmannen engasjert seg i saka.

– Me har i dag fått telefonisk klage over lukt frå deponiet i Svartasmoget. I følgje klagaren har lukta vore plagsam over lengre tid, spesielt i tørt og varmt vêr, skriv sjefsingeniør Gøsta Hagenlund hos Fylkesmanne i Vestland.

Klagaren bur i Dåfjorden, som ligg sør for avfallsanlegget.

Basert på klagen har Fylkesmannen bedt om kommentar frå SIM. Fylkesmannen viser vidare til løyvet som er gitt til deponiet, der det står at «Lukt frå avfallsanlegget skal til ei kvar tid vere så lite at bustadområde og offentlige område ikkje blir nemneverdig sjenert.»

Omfattande og tiltakande

Dette er ikkje det einaste tilfellet av klage over lukt frå anlegget på Svartasmoget. I slutten av juli sendte styret i Bøkjeneset vel, som er eit hyttefelt nordvest for avfallsanlegget, eit langt klagebrev til Fitjar kommune.

Dei klaga på oppføringa av ein komposthall i Svartasmoget. Dette var eit tiltak som SIM ikkje hadde søkt om, og som har blitt ettergodkjent av Fitjar kommune.

– Avfallsanlegget befinn seg om lag 700-900 meter frå hyttefeltet, og det er registrert vesentlege og gjentakande luktplager frå anlegget over tid. Dette har vore påpeikt overfor kommunen frå velforeninga i saker tidlegare, skriv styret i velet.

Styret seier dei har forhøyrt seg blant hytteeigarane, som meiner at luktproblematikken har auka i det siste.

– Velforeninga har gjennomført registrering av luktplagar frå anlegget basert på innrapportering frå medlemmer. Luktproblemet er omfattande og tiltakande.

Det har ikkje lukkast Stord24 å få ein kommentar frå SIM til saka.

Skal byggja voll

SIM har tidlegare uttalt at dei vil jobba for å redusera luktutsleppa i samband med ny reguleringsplan.

«For ytterlegare å hindresig av vond lukt, kan det i medhald av den nye reguleringsplanen byggjast voll som hindrar luft-sig frå området der luktproblema oppstår under vending og flytting av kompost. Eit anna tiltak som vil betre forholda, er taket som no er utvida /bygd over det meste av området for kompostlagring. Dette hindrar fukt og gjer at vending kan forgå med lågare intensitet og jamnare i tid», skreiv SIM.

Fitjar kommune har i tidlegare sakshandsaming sagt seg nøgde med tiltaka som SIM planlegg for å redusera luktutsleppa.

– Fitjar kommune meiner vollen som ligg inne i planen og tiltak som nyleg er gjort med å bygga tak over komposteringsanlegget, er tiltak som med stor sannsynlighet vil gjera luktproblema mot Storevik/Bøkjeneset mindre, skreiv Fitjar kommune.