Ordførar Wenche Tislevoll sa på kommunestyremøtet i dag at kommunen vil vurdere både kortsiktige og langsiktige tiltak for å betre situasjonen til dei private barnehagane i Fitjar. 

Ordførarens sitt innspel kom i samband med at  Dagfinn Brekke stilte følgjande varsla spørsmål til ordføraren:

Har kommunen anledning til å utarbeide fordelingsregler som kan gi de private barnehagene større forutsigbarhet i forventede tildelinger? F.eks ved å gjennomsnittsberegne tildelingene over en tre års periode? Eller er kommunen bundet opp av sentrale fordelingsregler?

Over 220 personar hadde vidare skrive på ein underskriftskampanje for å bevare Fjellheim Friluftsbarnehage.

Etter å ha orientert om dagens ordning og situasjonen for dei private barnehagane i dag, skisserte så Tislevoll ein muleg veg vidare:

– Forskrifta opnar ikkje opp for at det er mogeleg med ei gjennomsnittsberekning av tilskotet over fleire år. Slik stoda er no må barnehagane leggja seg opp driftsfond i «dei gode åra».

På kort sikt kan ein vurdera følgjande tiltak:
• Gje forskot på neste års tilskot.
• Gje ekstratilskot til den enkelte private barnehagen. NB! Må passa på likskapsprinsippet.

På lang sikt kan ein vurdera følgjande tiltak:
• Kommunen legg om regelverket og krev at 3-åringane areal og bemanningsmessig vert rekna som små barn. NB! Ein ekstra barnehageplass for kvar treåring. Dette krev vesentleg fleire barnehageplassar.
• Ein auka andel av barn i kommunal barnehage vil føra til mindre svingingar i tilskota.