
Fitjar Frivilligsentral får pengar til 3 lesebrett for utlån!
Tidlegare i dag skreiv med om at Knut K. Rydland Legat har betalt for fire lesebrett til Havnahuset og Fitjar bu- og behandlingssenter. No melder Fitjar Frivilligsentral at dei ogso har fått midlar til å kjøpa inn 3 lesebrett til utlån.
– Frivilligsentralen søkte Gjensidigestiftelsen om strakstiltak i høve koronakrisa, og fekk innvilga 16.000 kr. Beskjeden kom på e-post i dag, fortel den blide daglege leiaren i Fitjar Frivilligsentral, Ellinor Bergesen.
Bergesen fortel at Frivilligsentralen ogso må ta litt pengar frå tidlegare mottekne gåver for å kjøpa inn 3 lesebrett.
– Vi er svært glad for all støtte vi har fått i det siste, og vi vil få kjøpt inn dei konkrete lesebrettet så snart det er praktisk mogleg. Lesebrett er eit fint hjelpemiddel til å ha kontakt med familie og vener i ei einsam tid for mange.
– Frivilligsentralen har for øvrig svært mange frivillige som har meldt seg som til oppgåver/beredskap framover. I Fitjar Naturlegvis, avsluttar Bergesen.