Idrettsmerkekandidatar frå Bakkjen og omegn nytta det fine vêret i middagstida til å ta idrettsmerket i Fitjar Idrettspark.

Finn Ingvar Havnerås såg til at alt gjekk rett for seg, og kunne konstatera at åtte ikkje heilt unge kandidatar greidde krava til idrettsmerket. Den gamle Fitjar-helten Bjarne Skumsnes drog med seg fire damer og to menn gjennom 3000 meter i fin stil. Ingen av dei hadde problem med å klara kravet.

På menyen elles stod armhevingar, sit-ups og spensthopp ved klubbhuset. Her såg det ut til at alle kandidatane greidde seg rimeleg bra. Og alle kom seg i hus før vadlasletta tok over.