Mange spreke fitjarbuar trassa det bitande kalde regnet og møtte opp for å ta idrettsmerket søndag føremiddag.

Oppmøtet på idrettsbanen var imponerande då Fitjar Idrettslag arrangerte idrettsmerkeprøvar i dag. I tillegg til dei 40 som var klare før dagens øvingar, kom 15 nye sterke namn på lista etter den kalde og våte økta. Alle dei seks spreke mennene og dei to like spreke damene som kjempa seg gjennom 3000 meter i regnbyene, klarte kravet med god margin. I tillegg blei det hoppa stille lengde, kasta kule og sprunge 60 meter.

Arrangementsstaben, Finn Ingvar Havnerås, Rolf Vik og Øyvind Skålevik, lovar at det vil vera røynde funksjonærar på plass på idrettsbanen også i morgon. For dei som ikkje såg seg syn med vêret i dag, byr det seg eit nytt høve nyårsaftan kl. 12.00. Det er altså ikkje for seint enno. Møt opp på idrettsbanen i morgon, og vis at du har halde formen ved like sidan nyårsaftan i fjor!