– Interessa i vårt område for politifaget er stigande. I 2013 gjekk søkjartalet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opp med 5 prosent, heiter det i ei pressemelding frå politimeister Kaare Songstad.

I pressemeldinga kan me vidare lesa at av i alt 4052 søkjarar til opptak frå hausten 2013, kjem 83 av søkjarane frå Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Dette er altså ein auke på 5 prosent frå året før.

– Det er positivt at søkjartalet går opp, men me ønskjer enda større rekruttering frå distriktet, seier Kaare Songstad, politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Me ønskjer å koma oss meir aktivt ut for å treffa og snakka direkte med ungdomane i distriktet, gjennom til dømes å stilla opp som ein del av eit undervisningsopplegg. Det kan bli særskilt aktuelt å arbeida meir retta mot elevar i den vidaregåande skule, og me oppmodar samfunnsfagslærarar og rektorar i distriktet til å ta kontakt med oss, seier Steinar Henriksen, praksisansvarleg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Populær blant kvinner
Den høge kvinnedelen av søkjarmassen frå Haugaland- og Sunnhordlandregionen er særskilt positiv. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt hadde i 2013 den sjuande høgaste prosentdelen kvinnelege søkjarar. Av alle søkjarane frå Haugaland- og Sunnhordlandregionen utgjorde kvinner 44,6 prosent. Totalt på landsbasis var prosentdelen kvinnelege søkjarar 40,8 prosent.

Politihøgskulen har studiestader i Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern. Alle fire studiestadane vart nemnt som studiealternativ av dei fleste søkjarane. Dette kan tyde på at interessa for å koma inn på politistudiet er viktigare enn studiestad.