Kjende og kjære julesongar høyrdest lang veg då Tom Rydland var forsongar ved julegrantenninga, og Fitjar Skulekorps deltok rett etter å ha spela i fakkeltoget også. 

Det var eigentleg flott ver denne dagen, samanlikna med regn og vind som heller ikkje er ukjend i advent, men likevel kaldt. Dei opne butikkane fungerte kanskje som varmestover for dei som fraus. Litt handel vart det, men ikkje det heilt store. Inne hjå Larsen Multihandel møtte me to jenter som kikka i hyllene. Det såg ut som dei var på jakt etter julegåver. Då me begynte å prate saman, fekk me vite at dei skulle kjøpe kvar si adventsgåve. Farmor og farfar stod ved sida og fortalde at ungane bur på Hjelmås, men farmor var eigentleg fitjarbu.
Solveig i Blomestova hadde god tid til ein drøs, og hos Theodor`n meinte dei at open butikk var triveleg når det skjedde mykje i gata 1. søndag i advent. Medhjelparar i Skulekorpset nytta høvet til å selja lodd og litt fleire adventskalendrar
Programmet for dagen passa for liten og stor. Borna synest det er kjekt å gå med tente faklar, og synet av toget kvikka nok opp for dei som stod i vindauga på Havnahuset og såg på.

På heimveg såg me at mange hadde sett opp juletre ute med lys som står og blenkjer så fint når mørkret sig på. Like fint er det når adventsstakane lyser i vindauga. Og no førebur me oss til julefeiring og ventar på det vesle barn i krubba lagt på strå.