Brannen har ikkje gått ut over ferjetrafikken.

Like etter klokka 13 søndag ettermiddag oppsto det brann i ein trafokiosk like ved fejekaien i Sandvikvåg.

Politiet melder om kvit røyk frå trafokiosken. Då naudetatane kom til staden blei det bestemt å evakuere bebuarane i nærleiken.

– Bebuarane vil bli evakuert, då det er mistanke om at røyken kan vere farleg, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

Kort tid seinare kom Haugaland kraft til staden og skrudde av straumen.

– Det var flammar inne i trafoen som brannvesenet haldt på å sløkke.

Brannen har ikkje gått ut over ferjetrafikken, opplyser politiet.

Brannvesenet opplyser at brannen vart sløkt like etter klokka 14.

- Annonse -