Rett etter påske har skulekorpset si årlege flaskeinnsamling.

Skulekorpset skriv i ei melding at dei arrangerer flaskeinnsamling i Fitjar i veke 14. Då kjem musikantane rundt i bygda og samlar inn flasker, truleg tysdag eller onsdag. Dei som ikkje er heime når dei får besøk men som ynskjer at korpset skal koma å henta tomflasker hos dei likevel kan ta kontakt med leiinga i korpset på telefon 952 50 207.

Fitjar skulekorps tel no 34 musikantar i tillegg til fire aspirantar. Styret seier at den musikalske framgangen som har pågått dei siste åra held fram, med mellom anna ein flott 2. plass i 3. divisjon i NM sommaren 2012 og ein flott 3. plass i 2. divisjon i Sotrafestivalen hausten 2012. No førebur korpset seg til konsert i Fitjar kyrkje 20. april og NM-deltaking i Stavanger i slutten av juni.

Korpset takkar varmt for all støtte frå privatpersonar og næringsliv i Fitjar.

Du kan bli bedre kjend med korpset på heimesida deira her