Ein del fitjarbuar har teke kontakt med fitjarposten.no med spørsmål om flammane ein kan sjå ute i øylandskapet frå fleire stader i Fitjar.

Etter å ha sjekka opp saka kan fitjarposten.no fortelje at det brenn i eit  fire-fem kilometer langt område vest på Selbjørn i Austevoll. Det er mest brake og kratt som brenn. I følgje marsteinen.no skal brannen vere under kontroll der han truga bygningar.

Brannsjef Tore Nesbø i Fitjar brannvesen fortel til fitjarposten.no at nokon meinte det kunne vere på Torsdagsøy det brann, men etter å ha sjekka opp saka sjekka brannvesenet den teorien ut.

Verken Haugaland og Sunnhordland eller Hordaland politidistrikt kunne seie oss noko meir om saka då me hadde kontakt med dei for ei stund sidan.

Men du kan lese meir om brannen på marsteinen.no.