Mathias Larsen Lussand framfor flaggborga i Sandvikvåg i kveld. Foto: Kjetil Rydland.

I dag har Mathias Larsen Lussand vore i Oslo og blitt uoffisiell norgesmeister i golf saman med syster si, Mia Sandtorv Lussand.

Derfor var det ikkje å undrast over at ivrige supporterar frå Fitjar danna flaggborg då den ferske norgesmeisteren steig i land frå ferja i Sandvikvåg i kveld.

Mathias smiler om kapp med mor, Anne Marie Larsen, i Sandvikvåg i kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Ein av dei frammøtte ymta frampå om det var flaggborga som var det kjekkaste, men NM-vinnaren var heilt klar på at det var å spela golf som var det kjekkaste!

Uoffisielt Norgesmesterskap Unified Foursome 2020 er ei turnering for lag, der laget blir sett saman av ein spelar med utviklingshemming og ein spelar utan utviklingshemning.

Mathias deltok saman med syster si, Mia Sandtorv Lussand, som blei nr. 4 i senior-NM i golf førre helg, trass i at ho berre er 17 år. Dagens konkurranse fann stad på Grønmo golfbane i Oslo.

Det er ikkje flust med norgesmeistrar i familien, og det var ein svært lukkeleg Mathias som blei teken imot av like lukkelege familiemedlemmer og vener i Sandvikvåg i kveld.

Me ynskjer NM-vinnaren og supporterskaren til lukke med den fantastiske innsatsen.

Slik vinkar ein fersk norgesmeister frå ferja. Foto: Kjetil Rydland.
Så kjekt er det å ta imot ein norgesmeister. Foto: Kjetil Rydland.