I går flagga FMV for ny kontrakt innen Havbruk. – Denne kontrakten er svært viktig, og den største vi har inngått innen FMV Havbruk, seier verftsdirektør Hugo Strand til fitjarposten.no. Kontrakten er med Napier AS på Langevåg på Bømlo, der utflytta fitjarbu Kjetil Tufteland er dagleg leiar. Foto: Håkon C. Hartvedt

På mange måtar kan ein seie at denne kontrakten vart til fordi to barndomskameratar frå Fitjar møttest. Det skjedde i Trondheim, der Kjetil Tufteland møtte Åsmund Sørfonn i maritim samanheng. Åsmund, som er prosjektleiar i FMV, var der i lag med verftsdirektør, Hugo Strand, og då møtte dei Kjetil Tufteland, som altså er dagleg leiar i Napier. 

– Me har hatt god dialog over tid, seier Kjetil, men møtet i Trondheim spelte nok litt inn i denne samanhengen. Årmund og eg har jo vakse opp i lag, så praten gjekk jo med ein gong me møttest, smiler Kjetil. Han synest vidare at det er veldig kjekt å på denne måten kunne gå heim til heimbygda og gjere noko i lag med eit firma der. – Eg gler meg til fortsetjinga, smiler han.

Kjetil Tufteland fortel vidare at båten som skal byggjast skal brukast som servicebåt for oppdrett, og at Napier AS har drive med oppdrett i rundt 20 år. Firmaet vart etablert i 1994 og har 17 tilsette, driv «MS Tauranga» og er elles kjent for å ha utvikla prinsippet med skyveskott og lastelem som revolusjonerte lossing av brønnbåter, først nytta på MS «Klorina». Rederiet sine eigarar er Bodil Eidesvik Tufteland, Arnt Eidesvik og Kjetil Tufteland.

Meir om båten

«MS Taupo» er utvikla i samarbeid Heimli – FMV – Napier, og er den første einskrogs arbeidsbåten av HFMV design. Båten har diesel-elektrisk framdriftssystem og er velustyrt med stor kapasitet. Arbeidsområde vil vere innan oppdrettsnæringa, konstruksjonsarbeid og undervannsarbeid, ulike transportoppdrag og som støttefartøy ved marine operasjonar.

– FMV218 «TAUPO» er den største arbeidsbåtkontrakten FMV har inngått. Med dette prosjektet bryt vi nye grenser og innlemmer òg design og bygging av einskrogs-arbeidsbåter i vår portefølje.

Einskrogsbåtar av denne typen får stort lasterom, svært gode sjøeigenskapar og god styrke i skroget, seier Åsmund Sørfonn, som òg syntest at det var artig at kontrakten på mange måtar vart setla ved at han og Kjetil møttest i Trondheim.