Flagget var oppe framfor Rådhuset i Fitjar i dag. Årsak til det var ein kjempekontrakt til Fitjar mekaniske.

Kontrakten er den største Fitjar Mekaniske har skrive under på så langt, og dagleg leiar Tore Vik er sjølvsagt svært nøgd med kontrakten som sikrar arbeid for over 200 mann heilt til oktober 2008. Kontrakten handlar om utrusting av eit spesialdesigna dykkarfartøy for undervasskonstruksjon.

-Dettte er svært gledeleg for bygda, og eg vil gjerne gje honnør til leiinga ved Fitjar Mek som har klart å hala i land denne kontrakten i knivskarp konkurranse med andre, og slik sikra arbeidsplassar i bygda, seier ordførar Agnar Aarskog i ein kommentar til den kommunale flagginga.

 

stéroide anabolisant