MF Husavik trafikkerer sambandet Husavik–Sandvikvåg. Foto: Kjetil Rydland.

Fjord1 avviklar råd til passasjerar om at ein bør sitte i køyretøyet under overfarten, og opnar nokre av dei sjølvbetente kioskane att.

– Passasjerar kan bruke passasjersalongane som vanleg under føresetnad av at ein følgjer nasjonale føringar for avstand til andre, skriv Fjord1 i ei pressemelding.

Frå og med i dag, fredag 24.april opnar Fjord1 dei sjølvbetente kioskane på sambanda Arsvågen-Mortavika i Rogaland og Anda-Lote i Vestland. Fjord1 stengde all servering i form av betente- og sjølvbetente kioskar som følgje av Koronaviruset 15.mars. Dei siste seks vekene har reisande difor ikkje kunne handla om bord i Fjord1 sine fartøy.

Driftsdirektør i Fjord1, Andrè Høyset presiserer at Fjord1 følgjer situasjonen tett, og at det ligg oppdaterte smittevernvurderingar til grunn for at selskapet no lettar på nokre av tiltaka.

– Fjord1 følgjer utviklinga av situasjonen knytt til Koronaviruset tett, og når vi lettar på nokre av tiltaka denne veka, så opprettheld vi samtidig andre førebyggande tiltak for å hindre smittespreiing. Vår høgste prioritet er å ivareta sikkerheit og helse for våre passasjerar og tilsette, og vi følgjer myndigheitene sine smittevernråd som tilseier at ei opning av desse kioskane kan gjerast med omsyn til smittevern. Samtidig ber vi alle våre reisande om å følgje dei nasjonale retningslinjene for avstand til andre medreisande, seier driftsdirektør i Fjord1 Andrè Høyset.

Innan 1.mai-helga vil Fjord1 vurdere å opne opp att sjølvbetente kioskar på fleire av dei store sambanda. Vidare vil ein finne løysningar som gjer at ein etterkvart kan opne opp dei fleste kioskane om bord i fartøya. Desse vurderingane vert gjort fortløpande og i takt med øvrige lettingar knytt til tiltak i samfunnet generelt.