Nyleg skreiv me om lite presentable setetrekk på Fjord1 sine ferjer. No er selskapet i ferd med å gjera noko med det.

Driftsleiar i ferjedivisjonen Fjord1 Fylkesbåtane, Oscar Bergheim, skriv til fitjarposten.no at dei i Fjord1 heller ikkje har vore nøgde med seta i salongen.

-Stoffet som vart valt har ikkje synt seg å vera så lett å gjera reint som ein hadde trudd. Me har allereie starta utskifting av trekka, og på Fanafjord er det no nye, fine trekk, opplyser han.

-Kjempebra, synest me.