PÅ grunn av mykje negativ mediaomtale rundt C-ferjene, vil Fjord 1 no gje ein liten kompensasjon som plaster på såret, til reisande som brukar ferjekort, noko som talar for at dei reiser oftare enn gjennomsnittet.

Alle som i dag bed om å få aktivisert ferjekortet sitt for denne kompensasjonen, i bua på Halhjem eller på Sandvikvåg, vil få innlagt fem ekstra, gratis ferjeturar.

-Vonar dette kan vere ein aldri så lita vårgåve til våre mest flittige reisande mellom Halhjem og Sandvikvåg, seier Halgeir Kleppe, som er ansvarleg for denne avdelinga i Fjord1.