Dåfjorden blei slått ut i semifinalen, og Vestbøstad vann til slutt dameklassen. I herreklassen fekk Storavatnet jr. revansje mot Havn i semifinalen, og vann finalen klart mot Vestbøstad.

Fredag kveld såg det ut som om ingen kunne stoppa Dåfjorden i dameklassen, etter fleire kalassigrar. Men i semifinalen fekk dei uventa problem med Øvrabygdo, som i dag hadde storspelar Elin Kvia på plass igjen. Som vinnar av puljespelet måtte Dåfjord-jentene strekka våpen mot ovbygdarane, som hadde blitt nr. 4 i puljespelet. Som om ikkje dette var nok, tapte Dåfjorden og kampen om 3. plass på straffe, mot Bakken/Havn. Den siste, avgjerande straffen var det keeper og superveteran Margareth Hillestad som sette inn.

Finalen mellom Vestbøstad og Øvrabygdo var lenge jamn. Øvrabygdo tok leiinga 1-0 tidleg i kampen, før Therese Waage Nysæther utlikna. Ikkje lenge etter gav Britt Lise Volden Vestbøstad leiinga 2-1 etter ein tabbe i ovbygdarforsvaret. Stillinga 2-1 stod heilt til det nærma seg slutten av kampen, men då fjerna Britt Lise Volden ein kvar tvil med to flotte scoringar. Og dermed var favorittsigeren i hamn.

I herreklassen fekk dei unge spelarane frå Storavatnet spelet til å gli betre og betre utover i turneringa. I semifinalen fekk dei revansje mot Havn. Det stod 1-1 etter ordinær tid, etter at Tomas Malkenes hadde stått som ein levande mur i målet til motstandarane. Brynjar T. Engelsen avgjorde den dramatiske straffekonkurransen for Storavatnet. Prestisjeoppgjeret i finalen såg lenge vanskeleg ut for Storavatnet, etter at Åsmund Sørfonn gav Vestbøstad leiinga på ei smart scoring tidleg i kampen. Men etter kvart overtok ungdommane frå Storavatnet, og scoringar av Brynjar T. Engelsen, Kjell Ove Korsvik og Jan Åge Tislevoll gav ein klar siger 3-1.

Fitjarposten kjem tilbake med ei fullstendig oppsummering av vintercupen når arrangøren har fått summa seg.