I tråd med prosjektplanen for fjerning av sitkagran i Fitjarøyane er arbeidet no kome godt i gang.

Etter kvart har det gått opp for dei fleste av oss at sitkagrana ikkje blei nokon ubetinga suksess på våre kantar. Skal det bli nokon skikk på sitkagrana, må ho ha god jord og plantast i store felt, slik at det ikkje blir for mykje kvist. Det kan ein knapt seia om sitkagrana som har blitt planta ute i Fitjarøyane, der ho mange stader står spreidd for vêr og vind. Såleis er det helst kvisten som har gode vekstvilkår. Dessutan er det både vanskeleg og lite rekningssvarande å ta ut det som måtte vera av brukande tømmer.

I 2009 fekk Fitjar kommune kr 200 000 i skjønnsmidlar til å fjerna sitkagran i Fitjarøyane. Bakgrunnen er satsing på skjøtsel av den prioriterte naturtypen kystlynghei. I vinter har ei prosjektgruppe utarbeidd ein prosjektplan for fjerning av sitkagran. Og no har prosjektet kome godt i gang. Først ute i dette prosjektet er grunneigarane i Straumøyo, Eggøyo og Siglo. Åse Nøttveit ved Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor fortel at det er tilfeldig at desse blei valde ut først; mange andre av dei 28 øyane med sitkagran er like viktige, og desse vil koma etter.

Prosjektet går ut på å ta vare på kystlyngheiane ved sviing, beiting og fjerning av sitkagran. Målet er levande kystlyngheiar, og då må landskapet opnast, seier kystlandskapspleiar Lars Helge Siglen i ein kommentar til Fitjarposten. Saman med dei andre grunneigarane på Siglo er han komen godt i gang med fjerning av sitkagrana si. For å unngå at grana kjem tilbake har han rundt 100 spelsau og utegangarsmale gåande. Dei et opp skota etter kvart, slik at det ikkje veks opp sitkagran på nytt.

På Siglo blir trevyrket brukt til ved, men på dei andre øyane vil grunneigarane også velja andre løysingar. Fitjarposten vonar å koma attende med reportasjar frå desse øyane etter kvart som prosjektet skrir fram.