Sitkagrana blei ikkje nokon suksess i Fitjarøyane, og i byrjinga av veka var Fitjarposten med på tømmerhogst i Ålforo.

Måndag var Fitjarposten med Tre & Hage på strandhogg i Ålforo.           – Firmaet har vore fleire gonger vore med på slike hogstoppdrag i Fitjarøyane, seier dagleg leiar i Tre & Hage, Kjetil Lønning. I tillegg til hogst tar dei på seg små og store oppdrag innan anleggsgartnarfaget og trepleie.

Det offentlege har løyvt pengar til fjerning av sitkagran i Fitjarøyane. Då gjeld det berre å lukka augo for ironien i at dei same sitkagranene blei planta med offentleg støtte for 50-60 år sidan, og få jobben gjort. Der sitkagranene står i dag, har dei ingen verdi – dei skal vekk!

Eit lite stykke sør for Hatlevikjo på Ålforo står eit slikt felt, med om lag 120 kubikk tømmer, eller truleg litt meir. Hovudentreprisen for å ta ut tømmeret er gitt til Vestskog, ein samvirkeorganisasjon for skogeigarar i Rogaland og Hordaland. Dei driv blant anna med med tømmeromsetnad og skogbruksplanlegging i relativt stor målestokk. Og Vestskog var dei einaste som kunne ta på seg å organisera uttak av sitka i Fitjarøyane då Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor lyste ut jobben.

Vestskog har engasjert det lokale firmaet Tre & Hage AS til stå for fellinga, på timebasis. Dei to siste vekene har Stig K. Almås og Frode Kloster hatt lange dager i ruskavêret på Ålforo. Takka vere velvilje frå grunneigaren har dei kunna overnatta der ute, og spart mykje tid i forhold til å reisa fram og tilbake til Kuarvågen i vêr og vind. Og med hjelp av kraftige, oppladbare LED-lykter på hjelmen har dei kunna starta dagen rundt halv åtte om morgonen, og halda på til klokka seks om kvelden.

– Me passar berre på å unngå dei granene som er mest utfordrande å fella når me arbeider i mørkret. Me feller gjerne medan det er dagslys, og ordnar oss slik at det blir mykje kvisting medan det er mørkt, seier Frode Kloster. Dermed blir arbeidet like trygt som å jobba berre i dagslys. Frode Kloster seier elles at det har vore ein triveleg jobb, trass i variabelt arbeidsvêr.

For å få arbeidet unnagjort, har Tre & Hage engasjert bøndene Karl André Rydland og Tore Sigurd Fitjar, som driv Fitjar Bygdaservice, eit firma som tar på seg større og mindre jobbar som høver for folk med traktor, motorsag eller anna kraftig utstyr.

Tømmeret skal hentast med ein rammestyrt, terrengkøyrande lastberar, seier Kjetil Lønning i Tre & Hage. Den skal setjast på land og kjøra eit par hundre meter over stokk og stein opp for å henta tømmeret, og leggja det frå seg på eit svaberg. Så kjem Waage Anlegg med gravemaskin og lesser tømmeret over på ein lekter, og fraktar det til djupvasskaien i Årskog.

Derfrå skal tømmeret transporterast til Tyskland. Iver Blokkum i Vestskog SA fortel til Fitjarposten at det ikkje er norsk marknad for skurtømmer av sitkagran. Derfor blir både skurtømmeret og slipen – tømmeret som går til papirproduksjon – sendt til Tyskland. Blokkum fortel at rundt 70-80% av hogstmoden sitkagran går til skurtømmer, men her ute er nok prosenten lågare. Dette kan Fitjarposten kan bekrefta, her er ikkje all grana hogstmoden. Storleiken varierer frå kjempegraner på over 20 meter til små, pjuskete buskar som grunneigaren må fjerna sjølv.

På Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor sit Aase Nøttveit og gler seg over at arbeidet har kome i gang. Fitjar kommune har fått støtte til prosjektet frå Direktoratet for Naturforvaltning fordi området er kystlynghei, som blir rekna for ein utryddingstruga kulturlandskapstype av lokal og nasjonal verdi. Og sitkagrana blir karakterisert som feilplanta fordi ho øydelegg det tradisjonelle kulturlandskapet. Aase Nøttveit reknar med at fleire område vil bli rydda etter kvart.

Fitjarposten vonar å vera tilbake når tømmeret skal lessast om bord på lekter. Dette arbeidet blir meir utfordrande, og heilt sikkert meir spektakulært. Det er ikkje kvar dagen me ser slike operasjonar i Fitjarøyane.