Påska nærmar seg, og det kan høva å minna om fjellvettreglane.

Fjellvettreglane er viktige for alle som skal til fjells i påskeferien, og for ei nynorskavis som oss er det ei glede å gi dei att på nynorsk.

– I fjor var det grunnlovsjubileum, og då omsette me grunnlova til nynorsk. Fjellvettreglane er som friluftslivet si grunnlov, og då er det passande å få dei på nynorsk i friluftslivets år, seier leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø, til nettstaden ut.no.

Denne nettstaden er eit samarbeid mellom NRK og Den Norske Turistforening. Det var her me kom over den nynorske versjonen av fjellvettreglane. Du kan lesa resten av artikkelen om dei nynorske fjellvettreglane her.

Fjellvettreglane på nynorsk:

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening

2. Meld frå kvar du går

3. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane

4. Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev

5. Lytt til erfarne fjellfolk

6. Bruk kart og kompass

7. Gå ikkje åleine

8. Vend i tide, det er inga skam å snu

9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt

Me ønskjer god tur, om du les fjellvettreglane på nynorsk eller bokmål. Det viktigaste er at du følgjer dei, og kjem trygt heim att!