Fjellheim Friluftsbarnehage er for lengst blitt FUS-barnehage.

Trygge barnehager kjøpte barnehagen 1. september, og barnehagen gjekk over i FUS-kjeda. Og barnehagen endra namn til Fjellheim FUS Friluftsbarnehage.

– FUS-kjeda består av om lag 170 barnehagar spreidd over heile landet. FUS betyr «først». Å vera ein del av FUS er veldig spennande og gjev oss høve til auka fagleg kompetanse, skriv Nilsen vidare, og løfter fram FUS barnehagane sin felles strategi, mål og visjon.

Visjon
«Saman gjev me barndommen verdi
leik og glede
Kvardagsmagi og vennegaranti»

Verdiar
Skapande
Glødande
Tilstadeverande

– Visjonane og verdiane er målet me strekkjer oss mot, og det skal visa att i arbeidet vårt at med har fokus på dette i kvardagen vår. Satsingsområdet til Fjellheim er framleis Friluftsliv og sunt kosthald. Me oppheld oss for det meste utandørs og legg opp til gode opplevingar saman med borna der. Samstundes har auka fokus på leiken. Gjennom FUS-skulen får dei tilsette kontinuerlig opplæring og kurstilbod.

Som personalgruppe opplever me at det er spanande,  inspirerande og bevisstgjerande å vera ein del av FUS! skriv Nilsen, til slutt.

Ingressbilete. Frå Fjellheim FUS Friluftsbarnehage.