Kven saknar fjellskoa sine ?

Fitjarposten har fått melding frå Solfrid Sandvik Bø der ho skriv følgjande:

I dag tidleg låg det ein sko i ei busslomme på Vestbøstad, og ein sko i vegen på Årskog, (altså 5 km frå kvarandre). Då desse framleis låg der åtte timar seinare samla vi dei saman.

Dei er altså par, størrelse 39, av merket Gritex, mørkebrune, litt brukte, men ikkje klare for noko søppeldynge.

Meir detaljar eller utlevering av skoa kan ein få ved å henvenda seg til Solfrid Sandvik Bø 97 65 60 07 eller stikke innom Valbergvegen 17.