Ei liten gjeng sterke menn møtte fram då driftsansvarleg Geir Tore Søreide bad inn til dugnad laurdag føremiddag.

Så vidt me kunne sjå, var fem litt tilårskomne menn og ein ungdom med på dagens dugnad for å fjelga Fitjar Idrettspark. Dei sopte vekk rusk og rask både inne på løpebanen og utanfor gjerdet. Gamle, øydelgde nett blei klipte ned og fjerna, i lag med ein del anna søppel.

Driftsansvarleg Geir Tore Søreide seier seg godt nøgd med dagens innsats, som gjer at idrettsparken ser mykje ryddigare ut.