-Fredag 23.-søndag 25 oktober blir det Fitjarweekend til Brandøy. Det er Fitjar Indremisjon som arrangerer, og ein eigen komite har jobba med opplegget for helga, fortel Kjerstin Stokken til fitjarposten.no

Vidare opplyser ho om at Simon Madsen frå Bømlo blir med som andaktshaldar. Han har vore mykje på leir på Brandøy som tidlegare tilsett i Indremisjonssamskipnaden, men no jobbar han hos Wärsilã. Han er flink å snakka til alle aldrar. Mens han har bibeltime for dei vaksne laurdag og søndag føremiddag, blir det eige opplegg for ungane, får me vita.

-Bård Inge Bø har lova å laga kreative aktivitetar for oss utandørs, og i tillegg til fotball, volleyball- og basketballbane er det splitter ny hall på Brandøy. Så kjekt skal me ha det!, legg ho til.

Synes du dette høyrtes kjekt ut? Då er du hjarteleg velkomen til å bli med!
 
Frå og med mandag 31.aug kl 10.00 (grunna begrensa plass og at alle skal få like moglegheiter 🙂 kan ein melda seg på hos Kjerstin Stokken på telefon, mobil eller mail. Du finn kontaktinfo og prisar for helga her.