Femten ungdommar frå Fitjar har vore på romjulscup på Vikahaugane 2. juledag.

For «Fitjarpote» – Fitjar-gutane i 13-årsklassen – blei det ein særs travel dag. Den første kampen gjekk av stabelen klokka 11.00, og dei var ikkje ferdige før dei hadde tapt den siste kampen sin med 0-1 klokka 17.55. Med ein siger, tre uavgjorte og to tap i den langdryge innleiinga blei det ikkje finalespel for dei tapre Fitjar-gutane. Med ørlite meir klaff kunne dagen ha blitt endå lengre, men det blei litt for mykje stong ut. Likevel kan ingen klaga på innsatsen.

For ein av 13-åringane blei det ekstra travelt. Jakob Mehammer stod som vanleg støtt i mål for lagkameratane sine. Og utpå ettermiddagen hjelpte han «Nøttene», eit lag med Fitjar-gutar som er to år eldre. Dei kom seg til semifinale etter to sigrar og eitt tap i innleiinga. Her møtte dei «Nr. 1», som stilte i T-skortene til Stord Fotball sin talentskule. Dette gav kanskje stordabuane eit psykisk overtak. Likevel heldt «Nøttene» stand ganske lenge, me dei siste minutta rann måla inn bak den gode Fitjar-keeperen Jakob Mehammer. 5-1 blei sigeren til «Nr. 1», etter at Thomas Solli Koløen reduserte i sluttsekunda.

Den einaste fitjarbuen med sportsleg suksess på Vikahaugane 2. juledag var Tone S. Brakedal. Ho stilte på laget «God blanding», som vann finalen i klassen jenter 1998-1999.