Seks flinke fitjarungdomar deltok under Ungdomens kulturmønstring på Stord. Susanne og Ingrid fekk æra av å gå vidare til Fylkesmønstringa.

Eit stort knippe Sunnhordlandsungdomar i alderen 10 til 20 år var samla til Ungdommens kulturmønstring (UKM) for å opptre eller syna kunsten sin i Stord kulturhus laurdag ettermiddag. Ingen kunstnarar frå Fitjar deltok men tre musikalske innslag og eit dansenummer hadde adresse Fitjar.

Først ute var Ingrid S. Bergesen som framførde poplåten Skyscraper. Etter ein litt forsiktig start song ho seg varm og synte stor musikalsk innleving og god dynamikk. Særleg gjennom dei rolege og svake partia fekk ho vist fram god stemmekontroll.

Metall-gutane i Danger Line var som det einaste hardrock-bandet i mønstringa med på å heva stemninga i salen. Tekniske problem hos arrangørane gjorde at gutane måtte venta lenge på scenen før dei fekk koma i gang med For Whom the Bell Tolls. Etter mykje venting  vart det ein litt famlande start på  Arild F. Waage på el-gitar, Torstein R. Kjelling på trommer og Marcus T. Opshaug på bassgitar, men det tok ikkje lang tid med fingerspel på gitarane før det vart god Metallica-stemning i salen. Gutane vart belønna med rungande applaus etter at siste rocketone svann hen.

Beliberen Susanne Vestbøstad song As long as you love me av Justin Bieber, akkompagnert av seg sjølv på gitar. Me har høyrt, og likt, Susanne sin song og gitarspel mange gongar før, men aldri før har ho prestert så bra som i dag. Dette var det aller beste av Susanne og ho framstod som ein flink og frimodig musikar og songar.

Dansegruppa Create med fitjarjenta Inger M. Slettebø og Tiril Einarsdotter frå Stord er velkjende i UKM-samanheng. Dei har delteke fleire gongar før, og i 2011 gjekk dei vidare til fylkesmønstringa. I år dansa dei ein flott afrodans og var som eit av berre to danseinnslag med på å skapa kjekk variasjon i programmet.

Alle deltakarane frå Fitjar synte at dei hadde førebudd seg godt og hadde full kontroll på det dei framførde. Hadde dei fått høve til å prøva seg på scenen og fått hatt lydprøvar på førehand ville dei nok kjend seg endå tryggare frå starten av, og slik ville ikkje berre dei men og publikum fått ei endå kjekkare oppleving. 

Bak UKM i Stord kulturhus stod kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes, og juryen var satt saman av ein representant for kvar av desse kommunane. Fitjar sin representant var Ragnhild Prestbø som går tredje året på musikklinja på Stord vidaregåande skule. Aldersspennet hos deltakarane var stort og det var tydelege nivåskilnader, men likevel var det ein vanskeleg jobb for juryen å bestemma kven som skulle få representera Sunnhordland under Fylkesmøsntringa som skal gå føre seg i Oseana Kunst og kultursenter 13. april i år.  Det var stor overvekt av jenter som deltok med solosong under mønstringa i år, men likevel klarde Ingrid og Susanne å merka seg ut blant alle desse, og var dei to første som vart ropt opp som «vinnarar». 

– Eg vart sjokka over å gå vidare, seier ei glad Ingrid Skår Bergesen etter utvelginga, og forklarer det med at det var så mange flinke som var med i år.  Ingrid har vore med i UKM tidlegare og for to år sidan gjekk ho vidare til fylkesmønstringa med Gabriellas song. 

Susanne Vestbøstad såg minst like sjokkert ut. Ho er førstereisjente i UKM og seier ho ikkje visste at det var så  mange flinke folk som skulle vera med og at ho vart veldig overraska over at ho sjølv gjekk vidare. 
Begge jentene synes det var kjekt å vera med på mønstringa og tok  smilande imot gratulasjonar frå kultursjef Bente Bjelland.